Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Gildeskål kommune

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Fleire får læreplassNRK Sogn og Fjordane
Rekordmange elevar læreplass i 2018, og i Sogn og Fjordane fekk heile 80 prosent av søkjarane tildelt lærekontrakt. Det er meir enn landsgjennomsnittet på 74 prosent og berre ein prosent mindre enn Rogaland, som er på topp.
2019-01-23 20:49:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen frå kl. 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-01-23 20:33:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

MDG frir til distriktaNRK Sogn og Fjordane
Miljøpartiet Dei Grøne frir no til folk i distrikta. Partiet sin nasjonale talsperson, Arild Hermstad, seier dei ønskjer å vere eit parti for meir enn berre Oslo og dei største byane. Ved haustens kommune- og fylkestingsval stiller partiet med seks lister i Sogn og Fjordane.
2019-01-23 19:27:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen frå kl. 18.50 NRK Sogn og Fjordane
2019-01-23 18:32:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mange søkjer om erstatningNRK Sogn og Fjordane
Den lange tørkeperioden i sommar gav store avlingstap for bønder i heile landet. I Hordaland og Sogn og Fjordane søkte 657 bønder om erstatning etter avlingstap, skriv fylkesmannen i ei pressemelding. Dei største tapa har vore i Luster, Flora, Voss og Sveio. Særleg hardt råka vart bønder med mykje attlegg og bønder som brukte innmarka som beite om våren.
2019-01-23 17:02:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fardal Opseth bekrefta til TyrkiaNRK Sogn og Fjordane
Sogningen Kristian Fardal Opseth er klar for den tyrkiske fotballklubben Erzurumspor, det skriv VG. Dermed forlét han Bodø/Glimt.
2019-01-23 16:41:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rår frå kraftfusjonNRK Sogn og Fjordane
Ei samanslåing av kraftselskapa SFE og Sunnfjord Energi vil slå dårleg ut både for kundane og eigarane. Det skriv BKK i pressemelding. ? Arbeidet med å førebu ein fusjon har vart i to år. Vårt råd er at ein no avsluttar prosessen og i staden ser på løysingar som er betre for kundar, kommunar og andre eigarar, seier Tonny Nundal, konserndirektør Kommunikasjon i BKK. BKK eig om lag ein tredjedel av begge selskapa.
2019-01-23 15:16:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har rykka ut til brann på skulenNRK Sogn og Fjordane
Då naudetatene kom fram var det ikkje lenger flammar, men ein del røyk i lokalet, seier vaktleiar Frode Eide i alarmsentralen. Han seier elevane var gått for dagen då brannen starta, og det er ikkje meldt om personskade.
2019-01-23 14:59:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jakob og Emma mest populærNRK Sogn og Fjordane
SSB sin ferske namnestatistikk viser at Jakob var det mest populære gutenamnet i Sogn og Fjordane i 2018. For jenter var det Emma som toppa lista.
2019-01-23 11:27:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovland jaktar VM-plassNRK Sogn og Fjordane
Stine Hovland frå Vadheim er for alvor med i diskusjonen om ein plass i troppen til fotball-VM i sommar. Då Noreg i går tapte 1-0 for Canada på La Manga, spelte 27-åringen heile kampen for tredje gang på rad.
2019-01-23 07:39:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slepp tiltale etter dødsulukkeNRK Sogn og Fjordane
Statsadvokaten tek ikkje ut tiltale mot føraren av brannbilen som var involvert i ei dødsulukke ved Nornes i april i fjor. Politiadvokat Erling Melvær seier til Sogn Avis at saka er lagt vekk på manglande bevis. Bistandsadvokaten til dei etterlatne etter den omkomne bilføraren har klaga avgjerda inn for Riksadvokaten.
2019-01-23 07:31:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Millionkrangel kan hamne i rettenNRK Sogn og Fjordane
Jølstra Kraft og Jølster kommune blir ikkje samde om kven som skal betale for å opparbeide område for deponering av tunnelmassane frå kraftutbygginga i Jølstra. Det melder Firda Tidend. Utbyggjar Sunnfjord Energi har kravd 25 millionar, men kravet er avvist av kommunen. Kravet kan hamne i retten.
2019-01-23 06:21:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stogga radioaktiv transportNRK Sogn og Fjordane
Eit køyretøy fekk bruksforbod under ein trafikkontroll i Lavik i natt. Køyretøyet frakta 500 kilo radioaktivt materiale, men mangla både merking og dokument som skal følgje med. Eitt køyretøy fekk skriftleg mangel på lys under kontrollen der ti køyretøy vart kontrollerte.
2019-01-23 05:53:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-01-22 22:33:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-01-22 20:32:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-01-22 18:12:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen konklusjon etter brannenNRK Sogn og Fjordane
Politiet har ikkje funne årsaka til brannen i bustadblokka i Sogndal. Ein mann i 70-åra omkom. Fleire vitne er avhøyrde og brannteknikarar har undersøkt den utbrende leilegheita. Førebels er ikkje etterforskinga ferdig nok til at politiet kan konkludere med noko.
2019-01-22 17:26:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilt C-rute på Lavik ? OppedalNRK Sogn og Fjordane
Rute B på Lavik ? Oppedal er i drift att frå klokka 15:40, men rute C er innstilt, opplyser Statens vegvesen.
2019-01-22 15:29:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skipe nytt partiNRK Sogn og Fjordane
Jorunn Eide Kirketeig vil skipe eit nytt parti og stille liste i Sunnfjord kommune til hausten. Ho var i ei årrekkje fylkespolitikar for Arbeidarpartiet og toppkandidat i Førde. Ho prøver no å samle 300 underskrifter innan 31. mars. Ho seier ho vil skape eit sentrumsparti som hallar til venstre.
2019-01-22 15:04:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får velje skule sjølveNRK Sogn og Fjordane
Elevane i Hornindal får velje vidaregåande skule på begge sider av fylkesgrensa, skriv Fjordingen. I 2020 slår Hornindal seg saman med Volda. Elevane kan då velje om dei vil gå på skule i Nordfjord eller i Møre og Romsdal.
2019-01-22 14:42:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har fått prøvesvarNRK Sogn og Fjordane
Politiet ha no fått svaret på blodprøvane som vart tatt av føraren som er sikta aktlaust drap etter ei trafikkulukke i Kjølsdalen i Eid i romjula. To kvinner omkom i ulukka. Regionlensmann Tormod Hvattum vil i dag ikkje seie noko om kva prøvane viser, men seier dei først skal ha ein gjennomgang med ein sakkunnig. Dei vil og gjere nye avhøyr av den sikta. Politiet ventar og på svar på dei tekniske undersøkingane som politiet sine eigne teknikarar og ulukkesgruppa til Statens vegvesen gjorde etter ulukka.
2019-01-22 12:52:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil veltaNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil har velta i Rysjedalsvågen i Hyllestad. Det er ikkje meldt om personskade, og det skal vere lite trafikk på staden, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.
2019-01-22 12:43:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pause i rettenNRK Sogn og Fjordane
Retten har pause fram til om lag 12.45. Då startar ein av dei hovudtiltalte si forklaring.
2019-01-22 12:09:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rødland forklarar segNRK Sogn og Fjordane
Politioverbetjent Askel Rødland skal no forklare retten om det han kallar grunnleggande dopingkunnskap. Han får førebels ikkje forklare seg om den mengda politiet meiner at dei sju tiltalte står bak. Han orienterer i staden om ulike måtar dei ulike dopingmidla ser ut, korleis dei er pakka og kva står på pakningane.
2019-01-22 11:33:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går raskare enn ventaNRK Sogn og Fjordane
Aktor si innleiing i saka var meint å skulle vare ut dagen i dag. Men retten ligg no foran tidsskjemaet og før lunsj vil politietterforskar Askel Rødland gjere greie for ein del tekniske spørsmål i tiltalen. Rødland bur i Vadheim i Sogn, men jobba lenge som etterforskar i Bergen.
2019-01-22 11:10:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stiller spørsmål ved mengda dopingNRK Sogn og Fjordane
Fleire av forsvararane stiller no i føremiddag spørsmål ved korleis politiet har klart å rekne seg fram til kor mykje dopingmiddel som har blitt produsert og seld. Forsvarar Erik Slotterøy samanlikna saka med eit puslespel der ein manglar lokket og ikkje veit om ein har alle bitane.
2019-01-22 10:53:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde ut i SveitsNRK Sogn og Fjordane
Andrine Mårstøl frå Eid køyrde ut i første omgang av dagens storslalåmrenn i sveitsiske Zinal. Dette er første gang 19-åringen representerer dei norske fargane i Europacupen utanfor Noreg. Mårstøl køyrde ut også i gårsdagens storslalåmrenn i Sveits.
2019-01-22 10:50:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kriminalteknikarar til SogndalNRK Sogn og Fjordane
Kriminalteknikarar kjem i føremiddag til Sogndal for å gjere undersøkingar i leilegheita i Sogndal der det natt til søndag byrja å brenne. Ein mann i 70-åra omkom i brannen. 18 bebuarar vart evakuerte. Straffesaksansvarleg i Sogn lensmannsdistrikt, Christian Algrøy-Vegheim, trur det blir ein krevjande jobb å finne brannårsaka.
2019-01-22 09:08:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dag to i tingrettenNRK Sogn og Fjordane
Klokka ni startar andre dag av rettssaka mot sju menn frå Sogn og Fjordane, Buskerud og Hordaland. Aktor Trond Høvik vil halde fram si innleiing der han presenterer dei bevisa politiet meiner å ha mot dei sju. I dag vil han også få bistand frå ein frå politiet i tekniske spørsmål.
2019-01-22 08:56:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Familiebedrift konkursNRK Sogn og Fjordane
Etter seks år med raude tal er Værlandet gjestehamn slegen konkurs. Det skriv Firda. ? Vi ser at vi ikkje klarer å betene låna lenger, seier Gry Leite som eig gjestehamna saman med dei to brørne sine. No håpar dei å kjøpe attende verksemda.
2019-01-22 08:44:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sju på talentsamlingNRK Sogn og Fjordane
Norges Fotballforbund har teke ut sju spelarar frå fylket til talentsamling for 15- og 16-åringar. Blant 15-åringane finn ein Førde-spelar Edvin Brattreit, Noa Solheim frå Dale, Kim Christian Liset frå Bremanger og Kristoffer Stranden frå Skavøypoll. Samlinga er i Sarpsborg månadsskiftet januar/febrar.
2019-01-22 07:17:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fengsel for fartsoverskridingNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 60 dagar. Mannen, som er busett på Austlandet, gav opp feil namn og fekk ein annan sikta i saka då han for to år sidan vart målt til 86 km/t i ei 50-sone i Gloppen. Mannen hadde heller ikkje førarkort.
2019-01-22 07:15:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Duo klar for IBU-cupenNRK Sogn og Fjordane
Førde-løparane Håvard Bogetveit og Karoline Erdal (biletet) får gå helgas IBU-cuprenn i sveitsiske Lenzerheide. IBU-cupen er nivået under verdscupen i skiskyting. Ikkje uventa har Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø frå Stryn fått klarsignal til verdscuprenna i Anterselva.
2019-01-22 05:51:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal på medisinsk sjekk i dagNRK Sogn og Fjordane
Sogningen Kristian Fardal Opseth (29) skal i dag på medisinsk sjekk hos den tyrkiske fotballklubben Erzurumspor. Det melder klubben på Twitter. Klubben er nest sist i den øvste divisjonen og kjøpte nyleg tidlegare Florø-spelar Rashad Muhammed frå Sarpsborg. Opseth scora 10 mål for Bodø/Glimt i Eliteserien 2018.
2019-01-22 05:23:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-01-21 22:48:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil bli kommunalsjefNRK Sogn og Fjordane
Vågsøy-ordførar og leiar for fellesnemnda for Kinn kommune Kristin Maurstad (Ap) har søkt på stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling i nye Kinn kommune, skriv Fjordenes Tidende. ? Her handlar det om mellom anna næringsutvikling og leiing, noko eg er interessert i, seier Maurstad.
2019-01-21 21:36:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hestetun til Nest-SotraNRK Sogn og Fjordane
Årdølen Jonas Hestetun går frå Åsane til Nest-Sotra, skriv Porten.no. Nest-Sotra er i OBOS-ligaen, medan Åsane rykte ned derfrå etter sesongslutt. ? At det vart Nest-Sotra er utelukkande på grunn av det sportslege, seier Hestetun.
2019-01-21 21:13:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-01-21 20:44:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lærdalstunnelen open igjenNRK Sogn og Fjordane
Lærdalstunnelen på E16 er no opna for fri ferdsel, opplyser Vegtrafikksentralen. Tunnelen var stengt ein kort periode etter at eit brannskap hadde vorte påkøyrt.
2019-01-21 20:41:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lærdalstunnelen mellombels stengtNRK Sogn og Fjordane
Lærdalstunnelen på E16 er mellombels stengt. Årsaka er at eit brannskap er påkøyrt, melder Vegtrafikksentralen. Oppryddingsarbeidet er i gang på staden.
2019-01-21 20:23:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

For tidleg å slå fast årsak NRK Sogn og Fjordane
Det er for tidleg å seie kvifor nitrat og maursyre vart blanda saman ved eit uhell ved Fjord Base før helga, fortel tenestestadleiar Wenke Hope i Florø-politiet. Ni personar vart sende til sjukehus for observasjon etter å ha pusta inn stoffet. Hope seier Arbeidstilsynet og politiet har gjort undersøkingar på staden. Denne veka vil politiet gjere fleire avhøyr i saka.
2019-01-21 19:09:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-01-21 18:41:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røyrvik på topp i Gloppen VenstreNRK Sogn og Fjordane
Alf Erik Røyrvik toppar Venstre si liste til kommunevalet i Gloppen, skriv Firda Tidend. På dei neste plassane følgjer Olav Fuglestrand, Vigdis Henden og Bjarte Gangeskar.
2019-01-21 17:36:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avhøyrer vitne etter dødsbrannNRK Sogn og Fjordane
Politiet er no i gang med etterforskinga etter brannen i Sogndal. Natt til sundag omkom ein mann og mange blei evakuerte då det byrja å brenne i bustadblokkene på Ulvahaugen i Sogndal. Mellom anna skal brannalarmen i fellesareala ikkje ha fungert. Straffesaksansvarleg i Sogn lensmannsdistrikt, Christian Algrøy-Vegheim, seier det er for tidleg å spekulere i kva som har skjedd, men at dei er i gang med å avhøyre vitne.
2019-01-21 14:56:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forventar plass i regjeringNRK Sogn og Fjordane
Ordførarkandidat Frode Bøthun i Sogndal KrF forventar at KrF-arar frå Sogn og Fjordane får plass i regjeringsapparatet når partiet trer inn i regjeringa i morgon. Fylkesleiar Beate Bondevik Lie (t.v.) håpar å sjå anten Tore Storehaug og/eller Trude Brosvik (t.h.) som statssekretærar i landbruksdepartementet.
2019-01-21 14:18:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nye i styretNRK Sogn og Fjordane
Linn Elisabeth Dregelid frå Høyanger og Ragne Beate Furnes Larsen frå Vågsøy vart i helga valde inn som nye i styret for Senterkvinnene i fylket. Fylkesleiar Jofrid Rye Hestenes frå Stryn var ikkje på val i år, og sit som leiar i eitt år til. Elles i styret sit Britt Domben Mulelid frå Bremanger og Trude Klingenberg frå Årdal.
2019-01-21 13:27:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Attvald som leiar i SenterungdommenNRK Sogn og Fjordane
Hilde Horpen frå Årdal vart i helga attvalt som fylkesleiar Senterungdommen, og går inn i sitt andre år som leiar. Med seg i styret får ho Sander Solheim frå Flora, Oda Eithun Paulsen frå Sogndal, Emma Berge Ness frå Gaular, Nikolai Åshamar frå Eid, Nora Birkeland frå Gaular og Nina Hjartholm frå Gulen.
2019-01-21 13:07:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opne fjellovergangarNRK Sogn og Fjordane
Både riksveg 13 over Vikafjellet og riksveg 15 over Strynefjellet er no opna for trafikk igjen. Begge vegane har vore stengde på grunn av snøskred og fare for snøskred.
2019-01-21 11:02:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Strynefjellet vurderes åpnet kl 11NRK Sogn og Fjordane
Strynefjellet er framleis stengd etter snøskredet like før midnatt i går. Det er venta ny vurdering klokka 11 i dag. Riksveg 13 Vikafjellet er venta å opne no klokka 10. Vegen har vore stengd på grunn av snøskredfare og oppryddingsarbeid.
2019-01-21 09:10:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I fengsel for ruskøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra er dømd til 30 dagar i fengsel for mellom anna bruk og oppbevaring av fleire typar narkotika. Han er også dømd for to gonger å ha køyrd medan han var rusa på narkotiske stoff. Ruspåverknaden svarar til over 1,2 i promille under begge køyreturane. Mannen tilstod då han møtte i Sogn og Fjordane tingrett, som i tillegg til fengselsstraffa også dømde mannen til å betale 15.000 kroner i bot.
2019-01-21 08:19:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny vurderingNRK Sogn og Fjordane
Klokka 10 skal Statens vegvesen gjere ei ny vurdering av om riksveg 13 over Vikafjellet kan opnast for trafikk igjen. Fjellovergangen har vore stengd sidan klokka 21 i går kveld på grunn av fare for snøskred.
2019-01-21 07:42:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hamar toppar for for VenstreNRK Sogn og Fjordane
Atle Hamar (t.h) og Gunn Merete Paulsen toppar Sunnfjord Venstre si liste til kommunevalet i haust. Det er klart etter nominasjonsmøtet i går. Åge Avedal og tidlegare MDG-politikar Elisabet Kjerstad Bøe følgjer på dei neste plassane. Ungdomskandidat Elias Slåtten (17) står på femte plass.
2019-01-21 06:48:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snøskred over Rv15 StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit snøskred over riksveg 15 i Oppstryn, melder Vest Politidistrikt. Skredet gjekk mellom Oppljostunnelen og Grasdaltunnelen. Ingen skal vere tekne av skredet. Brøytemannskap er på staden, men vegen blir stengt til kl. 09 måndag morgon.
2019-01-21 00:55:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegenNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut etter at ein bil har køyrd av vegen mellom Sogndal og Hafslo. Det var ein person i bilen. ? Vedkommande har kome seg ut og skal vere lettare skadd, skriv politiet på Twitter.
2019-01-20 23:08:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No blir det supermåneformørkingNRK Sogn og Fjordane
Står du opp grytidleg måndag morgon kan du få oppleve ei måneformørking av dei sjeldne. Neste gong det blir supermåneformørking er om 35 år.
2019-01-20 19:01:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Både tap og siger for Førde-lagaNRK Sogn og Fjordane
Volleyball-herrane til Førde vann i dag 3?0 mot Askim VBK på bortebane. I går tapte dei mot Koll IL. Denne kampen enda 0?3. Kvinnelaget vann 3-0 mot Koll i går, og vann også 3?0 over Oslo Volley i dag.
2019-01-20 18:52:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Taylor på 2. plass på MDG-listaNRK Sogn og Fjordane
Mark Taylor (50) frå Fjaler er vald til 2. plassen på fylkestingslista for Miljøpartiet De Grønne i nye Vestland. Natalia Golis frå Kvam toppar lista framfor valet til hausten, medan ungdomskandidaten Pauline Tomren frå Osterøy står på tredjeplass.
2019-01-20 16:37:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer Vikafjellet i kveldNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet blir stengt i kveld klokka 21 på grunn av fare for snøskred Det vil bli tatt ei ny vurdering klokka 10 måndag.
2019-01-20 16:11:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-damene vannNRK Sogn og Fjordane
Førde vann 29?25 i 1. divisjonsoppgjeret mot Flint Tønsberg. Stillinga ved pause i handballkampen var 14?12.
2019-01-20 15:37:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årdøl klar for ny klubbNRK Sogn og Fjordane
Jonas Hestetun frå Årdal er klar for 1. divisjonsklubben Nest-Sotra. Det melder Bergens Tidende. 25-åringen spelte i fjor for Åsane, som rykte ned til 2. divisjon.
2019-01-20 14:18:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Arresterte mann etter slagsmålNRK Sogn og Fjordane
Fleire utanlandske arbeidarar barka ihop i ein slåsskamp i ein brakkerigg på Byrknesøy i Gulen natt til søndag. Ein mann blei tatt med av politiet, medan ein annan måtte oppsøke legevakta på Knarvik med mindre skadar.
2019-01-20 13:47:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gjekk du glipp av Lutt-sendinga?NRK Sogn og Fjordane
Klikk på lenka, så får du høyre heile Lutt-konserten og prisutdelingane frå Larris scene laurdag kveld. Les heile saka om Lutt-vinnar Thea Hjelmeland her.
2019-01-20 10:16:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

18 evakuert etter brann i SogndalNRK Sogn og Fjordane
18 beboere ble evakuert da det begynte å brenne i et leilighetsbygg på Ulvahaugen i Sogndal ved halvfire-tida. Det er ikke meldt om personskade, men flere leiligheter har brann-, vann- og røykskader. Brannvesenet er nå igang med etterslukking.
2019-01-20 04:56:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stansa rusa mannNRK Sogn og Fjordane
Politiet fekk i ettermiddag stansa ein rusa mann i 50-åra som var ute og køyrde på riksveg 55 i Sogn. Mannen har heller ikkje gyldig førarkort, opplyser politiet.
2019-01-19 20:29:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er Lutt-sendinga i gangNRK Sogn og Fjordane
No sender NRK Sogn og Fjordane direkte på NRK P1 frå den store Lutt-festen på Larris scene i Førde. Vi sende også direkte på Facebook før den store kvelden.
2019-01-19 20:11:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sløkte pipebrann i GulenNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet rykte laurdag ettermiddag ut til ein pipebrann på Brekke i Gulen. Brannen blei raskt sløkt og brannmannskapa har returnert.
2019-01-19 17:06:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope over HemsedalsfjelletNRK Sogn og Fjordane
Det er no opna for fri ferdsel på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet etter kolonnekøyring tidlegare i dag.
2019-01-19 16:58:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppheva kokepåbodNRK Sogn og Fjordane
Det er ikkje lenger påbod om å koke drikkevatnet for dei som er knytt til Vik vassverk. Det melder Vik kommune på heimesidene. Prøver syner at drikkevatnet ikkje er ureina.
2019-01-19 16:56:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Strynefjellet opnaNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 over Strynefjellet er no opna for trafikk. Vegen har vore stengd på grunn av skred og skredfare sidan i natt. Også fylkesveg 724 mellom Briksdal og Olden er open for fri ferdsel. Denne vegen har vore stengd på grunn av rasfare. Fylkesveg 723 er no stengd på grunn av fare for skred mellom Bødal og Hogrenning i Stryn.
2019-01-19 13:43:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Slapp med skrekkenNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Stryn har i føremiddag hatt kontroll ved skisenteret. ? To førarar hadde lågpromille, det vil seie under 0,2, og slapp med skrekken, skriv politiet på Twitter. Ein førar fekk gebyr fordi bilbeltet ikkje blei brukt.
2019-01-19 12:08:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stor fare for flakskredNRK Sogn og Fjordane
Dei som skal på ski i helga må vere obs på skredfaren. Varsom.no melder om at det er stor fare for flakskred i områda Indre Fjordane og Indre Sogn.
2019-01-19 11:58:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet stengdNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengd. Det vil bli gjort ny vurdering søndag kl. 10. Og riksveg 15 over Strynefjellet er framleis stengd. Det same gjeld fylkesveg 53 Årdal -Tyin. Det er kolonnekøyring på fleire fjellovergangar.
2019-01-19 10:31:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får ikkje køyre vidare ennoNRK Sogn og Fjordane
To vogntog blei i går stoppa i ein kontroll i Førde. Dei får ikkje køyre vidare før føret betrar seg. Bakgrunnen er at dei hadde dårleg veggrep sjølv med kjetting, opplyser Statens vegvesen. Eit tredje vogntog fekk ikkje køyre vidare før det hadde skaffa kjetting.
2019-01-19 10:13:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Felde er skuffa NRK Sogn og Fjordane
Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordande bondelag er skuffa over at erklæringa frå den nye regjeringa ikkje legg opp til reversere nedlegginga av pelsdyrnæringa eller lovforslaget mot forbod mot nydyrking av myr. Felde meiner regjeringserklæringa er mindre liberal enn det ho har vore, og seier dei vil passe godt på regjeringa framover.
2019-01-19 10:08:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire stengde vegarNRK Sogn og Fjordane
Fleire vegar i Sogn og Fjordane er stengde no i morgontimane. Det gjeld rv. 13 over Vikafjellet. Her blir det ny vurdering kl. 14. På rv. 15 over Strynefjellet blir det gjort ny vurdering kl. 11. Også fv. 53 Årdal ? Tyin er stengde. På rv. 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring og på E16 over Filefjell kan det bli innført kolonne på kort varsel. Det er også kolonnekøyring på fv. Aurland - Hol frå klokka 8, opplyser Statens vegvesen.
2019-01-19 08:09:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Buss trukket løs fra snøskredNRK Sogn og Fjordane
Snøskredet på Rv 15 i Hjelledalen i Stryn er mellom 30 og 40 meter bredt og dekker kjørebanen. Viking har trukket bussen løs fra snømassene. Ingen av de 30 passasjerne er skadet. Vegen er stengt til lørdag kl. 11, opplyser Vest politidistrikt.
2019-01-19 01:57:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Buss nær tatt av snøskred i StrynNRK Sogn og Fjordane
En rutebuss med 30 passasjerer ble nær tatt av snøskredet på Rv 15 i Hjelledalen i Sogn og Fjordane fredag kveld. Raset traff bussens forhjul, men ingen er skadd, opplyser politiet. Bussen er fra Nettbuss-Møreekspressen.
2019-01-19 00:57:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Strynefjellet stengt etter snøskredNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 over Strynefjellet er stengt ved Skora etter at det gikk et snøskred over veien, melder Vegstrafikksentralen Øst. Skredet har gått sør for Ospelitunnellen i Hjelledalen i Sogn og Fjordane.
2019-01-19 00:32:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppdaga bil i grøftaNRK Sogn og Fjordane
Fredag kveld oppdaga ein politipatrulje ein bil som stod i grøfta i Loen. Bak rattet sat ein mann i 20-åra. ? Han var uskadd, men rusa på alkohol, opplyser politiet. Mannen blei teken med for blodprøvetaking, og han blir også politimeld.
2019-01-18 21:19:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hamna i autovernetNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke der ein bil har køyrt i autovernet på E16 mellom Lærdalstunnelen og Flåm Det var fire personar i bilen, og alle har kome seg ut. ? Dei er bevisste, men skal ha blitt lettare skadde, opplyser politiet.
2019-01-18 19:42:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl. 18.50NRK Sogn og Fjordane
2019-01-18 18:47:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krevjande dag på VestlandetNRK Sogn og Fjordane
? Vi får inn fleire meldingar om ulukker enn vi pleier, seier politiet.
2019-01-18 17:52:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger vegarNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 722 Flo ? Storesundet, fylkesveg 723 Sande ? Bødal og fylkesveg 724 Sandnes Rustøyane i Stryn blir stengde frå klokka 21 i kveld på grunn av fare for ras. Ny vurdering laurdag klokka 10, melder Statens vegvesen.
2019-01-18 17:15:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykte ut til vald i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Politiet rykka ut til ei leilegheit i Førde etter melding om vald mellom fleire personar. ? Vi er no på staden og har kontroll på partane. Det kan virke som ei overdriven melding, men skal undersøkje saka, skriv politiet på Twitter.
2019-01-18 15:40:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

På pallen NRK Sogn og Fjordane
Langrennsløpar Gjøran Tefre frå Førde vart nummer tre i finalen i sprint i Norgescuprennet på Nes. Han vart berre slått av Håvard Solås Taugbøl og Even Northug. Torstein Bu, også frå Førde, vart slått ut i kvartfinalen.
2019-01-18 15:10:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fast på veg opp mot StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog står fast ved Skora på veg opp mot Strynefjellet, melder politiet. Dei er på staden, og det er mogleg å køyre forbi. Det er heller ingen kø på staden.
2019-01-18 14:47:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til finalen i sprintNRK Sogn og Fjordane
Langrennsløpar Gjøran Tefre frå Førde er klar for finalen i sprint i Norgescuprennet på Nes. Han vart nummer to i prologen og har vunne både kvartfinalen og semifinalen. Der møter sterke sprintarar som Håvard Solås Taugbøl, Kasper Stadaas, Even Northug og britiske Andrew Young.
2019-01-18 14:36:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Står fast på E39NRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog skal stå fast på E39 på veg opp frå Førde sentrum. Politiet melder at vegen er heilt stengt.
2019-01-18 12:59:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berge Stang blir dobbel listetoppNRK Sogn og Fjordane
Gunhild Berge Stang tek attval som ordførar for Venstre i Fjaler. Det skriv Firda. Ho er gruppeleiar på fylkestinget, og vart i haust valt til fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre.
2019-01-18 12:21:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gloppestad tek attval i GloppenNRK Sogn og Fjordane
Leidulf Gloppestad tek attval som ordførar for Senterpartiet i Gloppen. Han har hatt vervet i éin periode. På andreplass står Per Jarle Myklebust. Dei vart valt på medlemsmøte i går kveld. Senterpartiet har hatt makta i Gloppen i over 50 år. Ved sist val fekk dei over 40 prosent av røystene.
2019-01-18 11:52:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må framleis sitje fengslaNRK Sogn og Fjordane
Den 37 år gamle kvinna som er dømd for drapsforsøk på ein mann i 80-åra, må sitje fengsla fram til saka kjem opp på nytt i lagmannsretten. Det var i august 2017 at kvinna gjekk til angrep på mannen på ei øy utanfor Florø etter ei konflikt i familien.
2019-01-18 09:48:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil i grøftaNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil har hamna i grøfta på fv. 616 ved Kollsete i Bremanger, opplyser Vest politidistrikt. Det er ikkje meldt om personskade, men at det er nokre trafikale problem på staden.
2019-01-18 09:36:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stod på tvers på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil stod på tvers på rv. 15 ved Jøl bru over Strynefjellet. Fjellet var stengt ein knapp time før lastebilen fekk lagt på kjettingar og kom seg vidare.
2019-01-18 09:28:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har funne feilen NRK Sogn og Fjordane
Jølster kommune har lokalisert feilen som gjer at over 100 husstandar er utan vatn på Vassenden. Dei fleste abonnentane vil vere utan vatn i nokre timar til, medan dei på Langhaugane vil vere utan vatn ut dagen. ? Er det nokon på Langhaugane som treng vatn av blant anna helsemessige årsaker, så ber vi dei ta kontakt med kommunen, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.
2019-01-18 09:25:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde i grøfta på E39NRK Sogn og Fjordane
Ein bil ha køyrt i grøfta på E39 ved Sande i Gaular. Det var føraren som sjølv melde frå om uhellet. Politiet opplyser at det ikkje skal vere trafikale problem på staden.
2019-01-18 08:50:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal-spelar seldNRK Sogn og Fjordane
Sogndal har selt midtstopparen Nikita Baranov (26) til den bulgarske eliteserieklubben Beroe Stara Zagora, skriv Sogn Avis.
2019-01-18 08:38:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vakna opp utan vatn NRK Sogn og Fjordane
Fleire hundre abonnentar på Vassenden i Jølster står utan vatn etter brot på ei vassleidning. Vassenden skule har oppmoda elevar og tilsette om å gå på do før dei kjem til skulen. Tor Arild Segtnan, teknisk vakt i Jølster kommune, seier dei har jobba med å finne lekkasjen sidan tidleg i dag, men at arbeidet er utfordrande.
2019-01-18 07:47:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for ras NRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen har stengt fv. 664 Navelsaker-Fossebakken og fv. 664 Ytrehorn-Otterdal i Hornindal på grunn av fare for ras.
2019-01-18 07:31:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil har køyrt utanfor vegen på Bruland i Førde. Ingen skal vere skadde, men det er meldt om materielle skadar på lastebil og autovern. Politiet er på staden og konkluderer med at det er eit reint uhell. Bussen står utanfor vegbanen, og ein tungbergar er på veg for å hente med seg lastebilen.
2019-01-18 05:05:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

VG: Storehaug snuddeNRK Sogn og Fjordane
Ifølgje VG var Tore Storehaug ein av fire raude KrF-medlemmer som snudde og stemte blått då landsstyret skulle stemma over om dei skulle gå i regjering eller ikkje. Storehaug har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.
2019-01-17 22:36:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

- Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.